Søk
Lukk denne søkeboksen.

SEMINAR MED SENTERPARTIET PÅ STORTINGET

I dag var Anne Kristine Risvand Myrseth fra Barnepalliasjonskomitéen og Kristine Stokke Karlsøen fra Sykehusbarnkomitéen i Løvemammaene på seminar med Senterpartiets helse- og omsorgsfraksjon og familie- og kulturfraksjon på Stortinget. Temaet for seminaret var behova til born og deira familiar ved lagtidsopphald på sjukehus. 

Møtet var veldig positivt. Løvemammaene deltok saman med andre interesseorganisasjonar og fagmiljø der alle fekk halde eit lite innlegg før det var open diskusjon. Fleire av dei inviterte peika på dei same problemstillingane. Løvemammaene hadde eit innlegg på 4 minutt og det opna for gode samtalar derpå.

Politikarne var kunnskapsrike, lyttande og stilte gode spørsmål. Dei hadde på førehand sett seg inn i mange av dei problema me kjenner på. Statsråden deltok i tre timar og skreiv så blekket spruta. Engasjert og interessert.

All honnør til dei som har teke initiativ til seminaret. Dette var bra!

 Senterpartiet har allereie snakka om oppfølgingsmøte.

Dei hadde invitert Bornesjukepleiarforbundet, Bornelegeforeininga, Bornekreftforeininga, Sjukehusklovnane, Avansert heimesjukepleie, Bornehjerteforeininga m.fl. Vi var totalt ni foreiningar som deltok.

Søk